lørdag 5. august 2017

Kva er vitsen ?


KVA ER VITSEN? 
dette er tittelen på omlag alle dei neste innlegga mine på denne bloggen , fordi eg sit no her på soverommet mitt og har lyst å skrive ein rekke innlegg om nettopp : Kva er vitsen? 
 Eg kjem til å ta opp alt ifrå singeldom til død ( og sjølvsagt prøve å gjere dette i ein lystig tone så folk ikkje trur eg er like deprimerande som dette.)

Eg har aldri vore den flinkaste på å fortelle historier , faktisk så er eg ein slik person som ikkje får heilt til å fortelje slik at andre ler på dei rette stadane så den oppgåva gir eg ofte bort til nokon som kan å fortelje.

Men er det noko eg kan her i verda så er det å filosofere over ting og tenkje over" kva er eigentleg vitsen?" 

Ikkje at alle ting eg kjem til å skrive om kjem til å vere ein vits , men det kjem til å innholde nokon poeng som eg håper andre tek med seg vidare inn i livet og inn i liknande situasjonar . 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar