Slite med å kunne skrive ordentlige blogginnlegg , kjem på eit avsnitt også er det som ei sperre som kjem , pluss det er mykje eg skulle gjerne kunne skrive om, men som skapar meir kaos enn nytte så difor har eg vore stille på bloggfronten , sjølv om det ligg inne nokon skikkelige seriøse innlegg her.
Dette innlegget innheld ei oppdatering om livet mitt i det siste og viss du ikkje har lyst å lese det negative som foregår så kan du heller glede deg til neste innlegg som er litt hyggeligare!
Knust skjerm på mobilen
Idag holdt eg på å gå av skaftet , det var nesten som dråpen rann over;
Ein tidleg morgen så mista eg ned mobilen min og knuste glaset på mobilen , og sidan eg har sånn telenorswap så eg leverte mobilen min til Oslo , men i Oslo så fann posten ut at den skulle sende mobilen min til Alta av alle rare grunnar , så eg tok kontakt med brightstar(forsikringsselskapet ) for å gi dei beskjed om hendinga. Mobilen kom endelig til Oslo etter å vore omlag over ei veke på Noreg reise. så får eg en ny telefon . og her kunne jo historia enda. men nei, eg mottok mobilen den 10.mai og då eg skulle synkronisere mobilen med itunes så oppdagar eg at det verken er en ny telefon eller at det er min telefon eg har fått returnert ,men "Rasmuss Iphone" altså ein brukt mobil. No problemo - heilt til den då begynner å få sånne anfall der den restarter seg sjølv - (skjermen blir heilt svart og applelogoen viser seg-og eg må skrive inn skjermlåsen igjen .. ) og den siste tida har desse anfalla komt hyppigare og hyppigare .
Idag ringte vi til Brightstar og sa eg var gladeleg kunne sende tilbake denne drittelefonen som eg no har og få tilbake mobilen min som ikkje var råka av noko anna enn knust glas , fekk då opplysning om at mobilen var sendt til utlandet og heilt umogleg og oppspore igjen og returnere. Eg fekk beskjed om sida mobilen kunne sendes inn på service for å fikse den så det betyr at eg blir mobillause igjen, eg kan velge å betale 250 kr for en lånetelefon , men har allereie betalt altfor mykje for denne mobilen her så takkar fint nei takk til det !
En av dei tinga som irriterer meg sidan restartinga skuldast mest sannsynlig handteringa av forrige eigar og at dette kanskje var også ein av grunnane han leverte den inn, så kan service-folka skulde på meg sidan eg då står som eigar på denne drittelefonen.
Eksamenstid
Fredag byrjar siste eksamenen min , det er ei vekes heimeeksamen som eg gruar meg til , men som går sikkert bra ( fortel eg meg sjølv.) Det er også far min sin bursdag på fredag , og det er merkeleg korleis tida går , og kor mykje som skjer på kort tid i eit menneske sin kvardag. Det er ikkje så lenge sida han fylte 50 .
Så mange jern i ilden for tida og eg kjenner det skal bli godt å bli ferdig med eksamenstid for ei stund.
Prolaps i ryggen
15.april kjente eg at ryggen kjendes merkelig ut , men trudde det var meir sånn bekkenløysning eller pms , noko i den gata ivertfall , men det var det då ikkje , det var prolaps.
Så siste vekene har eg gått rundt som ei dame som har bruk for rullator. Endte med å bli sjukemelde frå jobben noko som sug skikkelig fordi eg elskar jobben min. Det er så kjekt å kunne bidra med noko , men eg må høyre på legen sitt råd og kva ryggen seier. men som sagt det sug banan!
Lovar å skrive eit hyggelegare innlegg etterpå, men måtte berre skrive litt frustrasjon!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar