søndag 6. august 2017

Kva er vitsen- distrubering av nakenbilde

Eg er ein av dei personane som brukar snapchat , facebook, og instagram som ei morgenavis og byrjar og bla i den før eg står opp av senga , det er ei ordning eg har brukt ganske lenge og den funkar fint. 

I dag derimot vart eg kvalm av det som møtte meg på snapchat, 

Eg har verken gitt bort snapnavnet mitt , det er ikkje offentleg på nokon måte så dette kom som ein kvalm overraskelse. 

Eg fekk nemleg ein video av en penis som blei runka med tittelen: Morgenkåt idag eg .. 
og til kven i søren som har sendt meg den videoen , eg drit i om du er kåt , og eg vert ikkje tent av penisar som blir sendt til meg av framande. 

saken er det at eg syns ikkje nakenbilde, nakenkropp/ penis er noko å rope hurra for når eg får dei , for det viser meg at den personen har eit lågt sjølvbilete som einaste han trur han kan tilby eit anna menneske er penisen . og i mange tilfelle tviler eg på at det er saka ! 

Eg er singel , og har i mitt singelliv ( heile mitt vaksne liv i det minste) vore medlem av diverse datingsider , og det vert alltid til at mannen skal vise fram utstyret sitt og dermed få meg tent på ein eller måte ifølge han sjølv , men  her er ei hemmlighet , eg vert kvalm av det , det er ikkje attraktivt og det er heller ikkje ynskeleg frå mi side og sjå penisar berre fordi eg sveipa til høgre eller sa hei . 

Eg veit godt kva overtenking er , faktisk så veit eg at det fins mange folk der ute som kan sitje i fleire minutt og tolke eit enkelt hei. og kanskje gjer eg den feilen av at eg ikkje tenkjer over hei , i den rolla med at HEi betyr lat meg sjå understellet ditt , for viss det betyr det så må eg finne meg eit anna ord å bruke når eg helser på folk , kanskje meir hallo ? ville passe seg? 

Ein person som er attraktiv er kanskje ein som ikkje deler utstyret sitt på fyrste melding( Uoppfordra) det er den som viser den har humor og kanskje itillegg har litt djupare meiningar enn "eg veit ikkje eg" 

Det er nesten som at : ja men viss du brukar datingappar/sider så må jo du vere interessert i å hoppe i halmen , eller sjå utstyret fyrst så du er sikker . 

Kva om eg skulle gjort det same ? Delt eit bilete av musa kvar gonge ein mann sa hei til meg , evt hadde eit spørsmål om korleis det gjekk med meg? hadde ikkje eg då blitt sett på som laus evt veldig desperat ? 

Kropp er kropp , faktisk så treng en ikkje å dele kroppen sin med kven som helst , eg deler kun trynet mitt med verden i mine endelause selfiesar , eg gir heller ikkje bilete eller meg sjølv til kven som helst . 


Så til alle dykk som trur penis eller vaginaen din er det einaste attraktive med deg prøv å ha ei sosial samtale med nokon utan å vise fram alt fyrst . 

lørdag 5. august 2017

Kva er vitsen ?


KVA ER VITSEN? 
dette er tittelen på omlag alle dei neste innlegga mine på denne bloggen , fordi eg sit no her på soverommet mitt og har lyst å skrive ein rekke innlegg om nettopp : Kva er vitsen? 
 Eg kjem til å ta opp alt ifrå singeldom til død ( og sjølvsagt prøve å gjere dette i ein lystig tone så folk ikkje trur eg er like deprimerande som dette.)

Eg har aldri vore den flinkaste på å fortelle historier , faktisk så er eg ein slik person som ikkje får heilt til å fortelje slik at andre ler på dei rette stadane så den oppgåva gir eg ofte bort til nokon som kan å fortelje.

Men er det noko eg kan her i verda så er det å filosofere over ting og tenkje over" kva er eigentleg vitsen?" 

Ikkje at alle ting eg kjem til å skrive om kjem til å vere ein vits , men det kjem til å innholde nokon poeng som eg håper andre tek med seg vidare inn i livet og inn i liknande situasjonar .