onsdag 3. februar 2016

Har eg rett å vere lei meg ?

Merkelige spørsmål eg skulle stille idag da , men det er den tida på året igjen. den tida då hovudet mitt byrjar og tenkje på det som var , det som ikkje kom , og korleis livet endra seg frå den dagen. 

Eg kjem ofte i ein sånn sorgdal når eg tenkjer på det , det å ikkje ha nokon som har vore der så lenge gjer låkt.  Det at ho ikkje er her igjen , det er noko som eg ofte stussar over på denne tida av året. 

Så kjem eg til å tenkje på kor mykje gjer eg ut av livet mitt? Lever eg for å berre falle inn i dei gamle rutinene eller lev eg for å oppleve nye ting? 

Ein kan ikkje sitje fast i fortida , ein kan heller ikkje drive å ynskje folk tilbake har eg høyrt. På sett og vis er ikkje det eg ynskjer meg heller, eg skulle berre ynskje eg kunne få eit bekreftande ja på ting, liksom er ho i orden, 

Som kristen så har eg alltid fått høyre at ein dag skal vi få møte Jesus i himmelen, og himmelen er ein god plass og vere , utan sorg og sjukdom , ingen skal skiljast ved død heller. 

Som kristen veit eg at eg ikkje bør sørgje , men som eit menneske som eg er så kjenner eg på sakn. 

som eit menneske og som ei jente så kjenner eg på alle desse kjenslene som veks når denne tida av året nærmar seg.

Eg tenkjer på korleis facebook i morgon kjem til å blomstre av hjarte på veggen hennar , og på at folk kjem til å legge ut bilete på minnesida hennar , kanskje nokon til og med besøkjer grava imorgon , kanskje , berre kanskje. 

Eg var 19 då ho døydde , like gamal som minstebroren min er no , dagane har gått så utruleg fort , verda har blitt ein skitplass , eg  skal til med mitt tredje år på høgskule til hausten , kven hadde trudd det ? 

Sjølv når saknet kjennest som verst så veit eg at det har ikkje vore ein dag utan at Gud har gått med meg. 

snøen dalar utanfor vindauget mitt , det var ikkje mykje snø den dagen du for , det var faktisk litt sånn stormvèr ute , ein grå himmel og ei regntung himmel.  
Du var sleten av å kjempe , og eg forstår du såg paradis, 
du takka for laget, og hadde oss sikkert i tankane når du fòr ,
Men vi skal møtes igjen , og då skal vi på nytt spele nye songar. 


Saknar deg storesystra mi.